Historiearkivet

Historier rundt kapellet og kyrkjegarden

Det knyter seg mange segner til kapellet og kyrkjegarden. I svært gamal tid sokna dei som budde i Vadheim i Sogn til kyrkja på Hestad. Dei tok då vegen over fjellet og kom ned til Hestadfjorden ved Nedrestrand og rodde derifrå i båt til kapellet. Skaret over fjellet ber namnet Brureskaret og det er ein hillar der som vert kalla Brurehillaren. Framføre hillaren er ei lita flate med 10 mindre steinar(sitjeplassar). Her skulle det vere at dei kvilde når dei kom hit frå sognesida på desse ferdene sine, antan det no var brurfolk som skulle vigslast eller det var andre ferder. Det er og fortalt at eit brurefylgje ein gong gjekk seg vilt i skodda og dei vart ute for eit ofseleg uver og måtte overnatte i fjellet.

Segna fortel òg at ein gong eit brurefylgje var komne ut på vatnet, rauk det opp til eit forferdeleg uver. Båten kantra og alle drukna. Brura hadde fått på seg brurekruna, som vart med til botnen av Hestadfjorden. Det vert sagt at ved spesielle lysforhold og med utsikt frå dei høgste fjelltoppane kan ein sjå at det blinkar i kruna nede på botnen.

Elles knyter det seg mange skrymte(spøkelse)historier til Øyrakyrkja og kyrkjegarden. Noko som stimulerte fantasien og skrymtesogene, var at den kortaste kryssinga av vatnet var i Straumen, rett sør for kyrkja, og at vegen til og frå Hestad gjekk over kyrkjegarden. Dette var før elektrisiteten kom så det var skikkeleg mørkt når det var mørkt. Gamle forteljingar vart også med frå slekt til slekt og vart kanskje endra ein del. Fram til 1950 talet vart det framleis fortalt ein del om skrymt, mest i spøk, men også litt i alvor. Eldre folk i grenda hugsar noko om dette.

Det vart fortalt at ein gong, truleg på 1600 talet, vart ei kvinne avretta på Hestad fordi ho hadde teke livet av sitt nyfødde barn. Ho vart halshogd, medan barnefaren, som hadde ein viss status i samfunnet, gjekk fri. Men han fekk sine problem. Rettarstaden skulle vere i nærleiken av kyrkja, og kvar gong barnefaren gjekk over Øyra, gjekk ho etter han med hovudet under armen. Det er ikkje kjent om soga har nokon ende.

Langt seinare og nærare vår tid var det ei kone som fleire gonger vart ute for at ho møtte den avdøde mannen sin når ho gjekk over kyrkjegarden. D.v.s. at det var berre overkroppen hans som sveva over gravene. Dette var vanlege folk, der det ikkje låg dramatiske hendingar bak.

Ei sann historie var slik : To brør frå grenda rodde forbi kyrkja ved midnatt ei mørk haustnatt. Dei såg då ein kvit skapning oppe ved kyrkjedøra. Dei tok sjansen på å ro i land og gjekk opp for å sjå kva det var. Det synte seg då å vere ein kvit geitebukk som sto og jorta ved kyrkjedøra. Slik vart ei god skrymtesoge øydelagd.