Litt om Hestadgrend

Hestadgrend, tidlegare Hestad skulekrins, ligg på begge sider av den vestlege delen av Viksdalsvatnet. Her var eigen skulekrins fram til midt i 1960-åra, då skulen vart sentralisert til Sande. Krinsen høyrde til Viksdalen sokn til 1993. Soknegrensa vart då endra, slik at vi no høyrer til Sande sokn. Har så Hestadgrend og folket her noko særmerke i høve til nabobygdene? Vi nemner noko:

Naturen

Det rolege, avrunda/avslappa, til dels idylliske preget, men samstundes med store linjer og godt rom mellom fjella, skil seg ut frå både Sande og Viksdalen. Fureskogen dominerer i liene, men dei siste tiåra har lauvskogen vorte langt meir synleg,både ved at gamal slåttemark/beite gror att, og at bjørka tøyer seg lenger opp mot fjellet. Her er ein del gran, som serleg er synleg (på ein positiv måte) i vinterhalvåret. Fura har likevel ein klår dominans. Vatnet er eit sentralt landskapselement, og busetnaden er knytt til vatnet. Alle gardane, unnateke Kjelstad, har innmark som grensar til vatnet. Før var vatnet ferdselsåra både sommar og vinter, no har alle bruk med busetnad vegutløysing.

Næringsgrunnlaget

Landbruk i vidaste tyding, med utnytting av alle ressursane frå fjære til fjell, har tidlegare gjeve leveveg for dei fleste i grenda. No hentar mange hovudinntekta frå anna arbeid. Gardsbruka her må seiast å vere på gjennomsnittet for distriktet, men med nokomeir skog.Bøndene i grenda har også hatt stor respekt for verdi og tradisjonar i stellet av skogen. Her er mykje særmerkt, gamal fureskog. God utnytting av trevyrke syner att i fleire bygningar i grenda.

Kultur

Det sentrale kulturminnet i grenda er Hestad kapell, men vi har mykje anna, som også Kulturminneløypa syner. Kanskje har kulturminna vorte bra ivaretekne her i grenda?

Folket og miljøet

Inntil for ca. 50 år sidan kunne ein høyre på dialekten kven som var frå Hestadgrend, frå Sande, frå Lundegrend, frå Eldalsdalen osv. Dette har endra seg og jamna seg ut no. Miljøet i dei ulike grendene hadde også sine særmerke, og Hestadgrend hadde sine. Viksdølingane kalla oss ”kapeilingar”, litt nedlatande, då vi berre hadde eit kapell, medan dei hadde soknekyrkja. Etter deira meining var kapeilingane noko trege, varsame og konservative.Kanskje hadde dei litt rett, vi tykte at viksdølingane var noko høgrøysta og framfuse, og hadde ein tendens til å stikke seg fram.

I det heile har vi vel både dei sterke og svake sidene til dei ekte sunnfjordingane. Folkelivsgranskaren Eilert Sundt har skrive mykje frå grenda, basert på opphaldet sitt på Nedrestrand. Hans rimeleg positive omtale av sunnfjordingane, livsstil og miljø, kan for ein del tilskrivast inntrykka herfrå. Kva så med samarbeidsevne, nabotilhøve osv? Vi er vel rimeleg gjennomsnittlege der også. No har vi bestemt oss for å samarbeide for å utvikle grenda sine sterke sider.

Kulturminneløypa i Hestadgrend er eit viktig steg for å sikre, utvikle, tilgjengeleggjere og gjere kjende verdfulle kulturminne, i samspel med naturen og folket her.