Eikelandsfossen nordside

Ved vestenden av Viksdalsvatnet/Hestadfjorden kastar Gaula seg utfor i den mektige Eikelandsfossen.

Utløpet av vatnet er svært trongt, difor har Viksdalsvatnet stor variasjon mellom aller høgaste og lågaste vasstand, ca 3,70m. Fallhøgda på fossen varierer ein del med vasstanden, då det er langt mindre variasjonar i Lona under fossen. På middels sommarvasstand er fallhøgda ca 15m.

I juli er middelvassføringa 75m3/sek, og i januar 16m3/sek,men elles går variasjonane frå nær 1m3/sek i lågaste lågvassføring og til 270m3/sek i topp flaumvassføring (okt. 95).

Eikelandsfossen ligg sentralt i det verna Gaularvassdraget. I motsetnad til fallrettane i Viksdalen vart aldri fallrettane i Eikelandsfossen selde,men ein gong i 1920-åra synte eit selskap interesse for å kjøpe rettane. SFK (no SFE) sin konsesjonssøknad, sist endra i 1981, gjekk ut på utbygging av heile fallet frå Viksdalsvatnet til Dalsfjorden, med inntak ovanfor Eikelandsfossen.

Energien i fossen har vore lite nytta til vassdrivne innretningar. Det einaste som er kjent, er eit kvernhus garden Kjelstad (2 km ovanfor fossen) hadde rett til.Restane av kvernhuset, inkl. kvernsteinane finn ein endå ved foten av fossen. Iflg. Gaularsoga bind 1, side 393, er Kjelstad registrert med kvern i 1723. Om dette er kverna i Eikelandsfossen, eller ei flaum kvern heime på garden, går ikkje fram.

Det har alltid vore godt ørretfiske både over og under Eikelandsfossen. Serleghar det vore fiska mykje i Lona under fossen, både på nord – og sørsida.

Så langt ein veit, har det vore ei dødsulukke i fossen. Sommaren 1865 vart Mikal Pedersen Kjelstad borte etter at båten vart teken av straumen og ført utfor fossen. Hesten hans, som var med i båten, skal ha berga seg, men Mikal vart aldri funnen. Truleg har det vore stor vassføring og sterk straum ovanfor fossen. Den dåverande bygdevegen enda på sørsida ved nedste enden av vatnet, hertil var vatnet ferdslevegen. Seinare, ca 1900, vart det sprengt ut noko fjell på toppen av Eikelandsfossen, likeeins vart det grave ut ein del masse i Stroka, litt lenger oppe. Totalt har dette ført til opp mot 40 – 50 cm lågare vasstand i Viksdalsvatnet,og dermed endra tilhøva ovanfor fossen.

Fleire hjortar druknar i fossen kvart år. Ved låg vassføring greier hjorten fint å krysse straumen ovanfor fossen.Her går ei mykje brukt trekkrute, som er fårefull for hjorten når vassføringa er stor.

Frå rasteplassen her går det sti til Lona under fossen. På sørsida, med tilgang frå fylkesvegen,kjem ein endå nærare, og faktisk bak fossen.