Eikelandsfossen sørside

Her, på sørsida, kjem ein endå nærare innpå fossen enn på nordsida. Det er bygt ei plattform om lag midt oppe i fossen. Der kan ein stå trygt når ein syner vanleg varsemd, men ved stor vassføring kan ein få ein god dusj.

Frå parkeringsplassen fylgjer ein pilene, førebels ca. 200 m langs fylkesvegen, til ein går ned ein litt bratt sti og fylgjer den godt tilrettelagde stien fram til plattforma.

Denne vesle turen gjev ei stor oppleving, og er heilt trygg, når ein har naudsynt respekt for kreftene i elva og fossen, og framfor alt, passar godt på småborn. Ein bør ikkje gå her dersom der er snø eller is på stien.

Eikelandsfossen har ei fallhøgde på ca. 15 m ved middels sommarvassføring, fallhøgda varierer med vasstanden i Viksdalsvatnet. Vassføringa i fossen varierer sterkt, middelvassføringa i juli er 75m3/sek, i januar 16m3/sek,lågaste lågvassføring går ned til 1m3/sek, høgaste flaum 270m3/sek ( oktober-95).

Også ved relativt låge vassføringar er fossen imponerande når ein kjem nær innpå.

Det er ikkje kjent at der har vore vassdrivne innretningar på sørsida av fossen, men ein stokk som er plasert på toppen av fossen ser ut for å ha hatt i oppgåve å leie vatnet ut til sides, truleg for å bruke det til nyttige føremål.

Ørretfisket er svært godt både under og over fossen. Fiskesete, der stien går, er eit flatt berg og ein ypperleg fiskeplass. Dei gamle storfiskarane fiska gjerne seint på kvelden og tidleg på morgonen, og så la dei seg under ein heller og sov ei stund høgste natta, den stunda fisken ikkje ville bite. Fisket gav eit viktig tilskot til maten, men det var også ein livsstil.

I dag kjem mange langvegs frå for å fiske under fossen, dei kjem att år etter år.

Hjorten har trekkrute over elva kort ovanfor fossen. Når vassføringa er stor, hender det at hjortar vert tekne av straumen og druknar i fossen.

Sør for fylkesvegen finn ein fleire generasjonar vegar. Nærast ligg den som var i bruk til tidleg på 1900-talet. Lenger oppe, bra høgt på åsen, finst ein veg som truleg er svært gamal, kanskje den eldste ferdselsvegen opp gjennom Gaulardalføret. Lenger ute på Eikeland går den gamle Dalemannsvegen over Sveien ned i Årbergsdalen og vidare til Vadheim.

Ein vil rydde og merke desse vegane, det er fine turvegar.