Gøyvingevegen

Gøyvinga er stølane til dei tre bruka på Ytre Hestad. Desse stølane ligg ca 650 m o. h., og så langt aust som Nes på Viksdalen og Åsen i Førde, med fjellet Svarteknibba i sør og Sandegga i nord.

Det er sjeldan at stølane i Sunnfjord ligg så langt borte frå gardane, her er ca 1 mil til stølen. Derimot har dei to bruka på Indre Hestad sine stølar i skoggrensa rett nord for bruka, slik det er mest vanleg i bygdene her. Heimestølen er eit område rett opp for Ytre Hestad, 400-500m o.h. Dette har nok vore brukt haust og vår.

Kor lenge det har vore stølar på Gøyvinga er ikkje kjent. Stølsdrift skal ha vore vanleg alt i vikingtida.Elles var Hestad einaste garden i grenda der det var busetjing i øydegardstida etter Svartedauden. I den tida var det truleg rikeleg beite i heimegrenda på alle øydegardane.Då desse gardane ut på 1500-talet vart busette på nytt, må ein rekne med at stølsdrifta vart teken opp att for fullt.

Ei skriftleg kjelde, ( grensetvist med Kjelstad ) på 1700-talet, fortel at Ytre Hestad sine stølar ”ligger langt inde i fjeldet”.

Gøyvingevegen er råsa som vart brukt frå Hestad til Gøyvinga, både for folk og dyr og for kløvhestar. Transport med kløvhest til og frå stølane vart her i bygdene kalla reiing, og vegane som vart brukte, vart kalla reitslevegar.

Den gamle Gøyvingevegen gjekk opp frå tuna i Utigarden, opp Hestadbakkane, som stortsett var slåttemark fram til 1940-åra, men der storparten no er beite. Stølsjentene samlast i Brattebakken for å gå i lag til stølen. Kyrne frå dei tre tåflorane vart samla i Brokklia, og jaga opp over Gjerdene og derfrå gjennom Stølsgrinda i Heimestølsgarden inn til Gøyvingevegen. Reitslekarane samlast i Utigarden før dei reiste.

Av praktiske grunnar fylgjer ein no skogsvegen opp Hestadbakkane. Ovanfor tåflorane til Indre Hestad er terrenget flatare, og tilvakse med fureskog. Her går råsa mot nordaust med noko brattare stigning opp til Reset, som ligg heilt oppe i fjellskogen. Herfrå går råsa nokolunde flatt austover, men her er kupert terreng med små myrsøkk og berg og haugar. Etter ein har passert Vågsdalen, der bruka i Vågen har stølane sine, er det meir fjellterreng, men lite stigning, berre ca 70 m frå Vågsdalen til Gøyvinga.

Langs vegen er det mange stadnamn og mange soger som knyter seg til desse stadene. No skal vi fylgje vegen frå Hestad til Gøyvinga, og ta med stadnamna etter kvart som vi kjem forbi.

Øvst i Hestadbakkane , ved Innigardståa, finn vi Geilene. Litt ovanfor er Griggushjellen, der Gregorius brende tjøre ein gong i tida. Ved Rognaldehågjen tek råsa til Svåstølen av. Her har hjortejegerar laga seg ei lita jakthytte oppe i ei fure.

Så kjem vi til Rømmekleiva. Ei kone frå Utigarden kom frå stølen med ein full rømmeambar. Ho gjekk i kloggar, og med sid dos ( kjole, skjørt ). Så snubla ho i dosa, miste ambaren, så rømmen rann ut over kleiva. Dette var nok eit tap som var så stort at det vart hugsa.

No er det meir stigning opp til Reset, også kalla Store- Reset. Vi går opp Fyrste Resbakken, over Resmyra, opp Resbakken, før vi er oppe på Reset. Her er fin utsikt mot vest, sør og aust. Det var vanleg at både folk og dyr tok ei kvild her. Rett sør for Reset ligg ei myr som heiter Orreleiken. Den gamle, glisne fureskogen her er ein ideell biotop for både orrfugl og storfugl. Eit stykke lenger aust kjem vi til Illekleivskloppa. Her er no murt veg. Namnet kjem av at ein hest for utføre her, og vart så stygt skada at han måtte avlivast. Vi passerer Lirveelva, som kjem frå Lirvedyttinga oppe på fjellet rett i nord.

Spelarberget ligg høgt og fritt, med god utsikt. Her er fint å setje seg og ta ei kvild. Men ein bør ikkje sitje for lenge. Dei underjordiske hadde spelemenn som heldt til i berget. Born og andre som ikkje var klår over fåren fekk beskjed om ikkje å sitje for lenge. Dersom dei inne i berget fekk byrje å spele på tredje slåtten, vart dei henta inn i berget. Det er ikkje kjent at nokon verkeleg har vorte bergtekne her.

På Lisjereset ser ein stølane på Vågsdalen. Litt spesielt er det at ein finn Lisjereset også aust for Vågsdalen der ein fyrst ser stølane når ein kjem frå aust. Krækjebærsteinen er ein stor stein som er heilt overvaksen med kreklinglyng. På Vågsdalen ligg stølane til dei tre bruka i Vågen, Vågsneset, Vågen og Nybø. Alle dei sela står, med tillegg av to nyare, så her er no 5 sel ( hytter ), og ein fjøs. Før hadde dei utløer på stølskviene. Her var gode høyavlingar, men no er mykje tilgrodd med lyng.

Før vart høyet køyrt heim på vinterføre, med hest når det var føre til det, men stundom vart det drege med handemakt på sloe. Alle bruka støla på Vågsdalen til 1951, bnr 3 fleire år til. Rett nedanfor Gøyvingevegen ligg Innigardsstølsflata. Indre Hestad hadde stølane sine på Vågsdalen fram til 1859, då flytta dei til der stølane ligg no. Søraust for stølane står ei større, særmerkt hytte. Dette er ”Nilsehytta”, som vart bygd i 1899.

Den bergenske forretningsmannen Helen Nilsen tok iniatiativet til å byggje hytta som er i to etasjar og av høg standard etter si tid. Hytta er framleis i same familien si eige. Før hytta vart bygd, vurderte familien fleire andre alternativ i Sunnfjord-området, men valde altså Vågsdalen til slutt. Viktigaste kriteria var å finne gode tilhøve for jakt og fiske, og dette fann dei på Vågsdalen og i fjellområda omkring. Dei leigde jakt- og fiskerettar av gardane i Vågen, men også av Hestad og litt på Førdesida. Bergenserane leigde karane i Vågen til mykje av arbeidet med hytta. Vågskarane valde å setje opp sag i elva nedanfor stølen, og skar hyttematerialane her. Elles vart det mykje tung bering opp lia, også etter at hytta var ferdig og teken i bruk. Når ”Nilsekarane” var på hytta for å jakte og fiske levde dei standsmessig både når det gjaldt mat og drikke. Alt måtte berast, stundom med kløvhest, men også ofte med menneskekrefter. Johan Vågsneset bar mykje, og han var ein sterk og uthaldande berar. Det vert fortalt at han bar opptil 5 bører på ein dag. Han fekk 80 øre for kvar bør, og dei kronene han tente kom nok vel med. Han var ikkje berre sterk til å bere, men også uvanleg rask og lett på foten. Ein gong våga han med Nilsekarane at han skulle springe rundt Lirvedyttinga på to minutt. Han vann to kroner på dette. Dei skal vere godt trena som gjer det etter. I Gaularsoga, bind 4, finn vi eit foto av Johan Vågsneset og Helen Nilsen. Det er lett å sjå kven som er bonde og kven som er forretningsmann.

Austanfor Vågsdalen kjem ein forbi Seltuftene, der Vågsdalsstølane truleg låg i ei fjern fortid. Deretter passerer ein Lisjebotnelva, som kjem frå fjellområdet Lisjebotnen. Lisjereset ligg i himmelsynet sett frå Vågsdalen, rett før ein kjem til Vågsdalsvatnet. Dette er eit godt fiskevatn, kjøene har fin storleik, og er raude og fine i kjøtet.

Vågselva renn ut frå vatnet, her var mykje kjø før, men mindre no, truleg p.g a. mykje mink. Ved austenden av Vågsdalsvatnet går Gøyvingevegen over Storehågjen. Ein passerer Fransberget, det er ukjent kva namnet kjem av.

Så kjem ein til Gøyvingelva, der ein gjekk over ved Hellene, men når elva var stor, måtte ein hoppe over ein stad elva går nede i ei slukt, der heiter det ”Fjellebykset”. Ein gong skulle det vere ei stølsjente som heldt på å dette i elva, men ho vart berga av dei andre jentene. No er der solid og trygg bru over elva. Buskap og kløvhestar gjekk over elva ved Hellene.

På Reitlehågjen ser ein stølane på Gøyvinga, og ikkje minst, dei på stølen såg at her kom folk. Ein er ikkje sikker på kva namnet Gøyvinga kjem av. Namnet kjem også att i Gøyvingevatna, og Gøyvingeelva. Det kan kome av at elva ”gøyvde”når det kom floer i fjellet, og elva fløymde fort opp, men det er ikkje sikkert.

Stølssela på Gøyvinga er godt vedlikehaldne, og den vesle stølsgrenda ligg vakkert til, med fjella på alle kantar. Ein kan lett sjå føre seg idyllen ein vakker sommarmorgon når kyrne var mjølka og bjøllene klang medan buskapen rekte roleg avstad til beita sine. Men det er også lett å førestille seg grå, kalde og våte kveldar når kyrne ikkje kom heimatt, og stølsjentene måtte leite og rope i timevis før dei fann ein versjuk og vrangvillig buskap. Elles meinte nok mange at det var betre å vere stølsjente på ein slik fjellstøl der dei fekk vere i ro, enn på dei stølane som låg nærare gardane der dei måtte gå heim kvar dag og ta del i vinna.

Stølsdrifta på tradisjonell vis vart lagd ned i 1949, så no er her god plass til beitedyr i fjellet. Tidlegare var det hardt beitepress også i dei relativt romslege områda rundt Gøyvinga.Her er ikkje så mange km til Kussli- og Åsstølane i nord, stølane til Hagen og Sunde i nordvest, og Nydalen i aust. Det er segner om at dei frå Førdesida, ”nordafjellingane”, ikkje likte at Hestad slo seg til med stølar på Gøyvinga. Det Hestadkarane hadde bygt om dagen, reiv nordafjellingane ned om natta. Men då det vart slagsmål, var Hestadkarane sterkast, og vann dermed retten til å ha stølar her.

På ein slik støl måtte stølsjentene bu heile sommaren. Yrkedagane var det stilt og roleg, men rikeleg arbeid. Det var tidleg opp for fjøsstell og mjølking, så var det ostekoking og ikkje minst, reingjering av alle kjerald som var i bruk. Så var det dyrestell att om kvelden. Verst var det sjølvsagt når veret var dårleg og dyra ikkje kom heim att slik dei skulle.

Elles var det bra at dei var fleire, så dei kunne samarbeide og hjelpe kvarandre. Stølsjentene var vane å lage middag i lag, for å spare på veden. Mykje ved gjekk med til ostekokinga, og det var langt å hente den. Ved fann ein i Gravvasslia, om lag ein halv times gange frå stølen.

Veden vart hoggen når det var lagelege forhold tidleg på vinteren. Ein stad heiter Griggushammaren, der måtte Gregorius og sonen overnatte ein gong dei vart overraska av uver då dei var på vedhogst. Heime var dei ikkje urolege, då dei rekna med at karane hadde kome seg inn på stølen.

Kvar helg i stølstida kom reitslekarane inn med mat og anna som trongst på stølen. Så tok dei med seg ost, smør, rømme og surmjølk heimatt. Stølane var mykje brukte som samlingsplass med helgane, både folk frå andre stølar og folk frå bygda kom på besøk. Desse stølshelgane gav ofte gode minne, ein vart kjende med folk frå andre bygder, det vart knytt kjennskaps- og venskapsband, og mellom dei unge kunne det verte sterkare kjensler.

Med ein viss rett vart stølslivet romantisert både då og no i ettertid, men dei fleste dagane var kvardagar, som kunne vere harde iblant, både for stølsjenter og ungar som var gjætarar.

Også frå Gøyvinga finst det soger som syner at stølsjentene kjende seg einsame i kvardagen. På ein haug nær stølen, Selhågjen, stod dei ofte og såg om nokon skulle kome. Eit par stader fekk namn etter episodar der stølsjenter trudde dei hadde sett folk.

Gøyvingevegen er rydda og merka, slik at det er greitt å finne fram. Det er sett opp skilt ved dei fleste stadene som er omtala her. Gøyvingevegen skal no få internasjonal merking og er prioritert av Reisemål Sunnfjord.

Kvar sommar, i samband med ”Sunnfjord Outdoor”vert det arrangert fellestur til Gøyvinga. Desse turane brukar å ha god oppslutning.

Skrive av Per Kjelstad, fortalt av Solfrid Hestad og Jakob Øvrestrand.