Hestad kapell

Brunbarka og versliten, så fullstendig i harmoni med omgjevnaden, ligg Hestad kapell på Øyratangen mellom Viksdalsvatnet og Hestadfjorden, som er ein del av det verna Gaularvassdraget. Enkel og ærleg i form og uttrykk både inne og ute har Hestad kapell ein sterk appell til menneske frå både fjern og nær.

Den eldste kyrkja på Hestad var den første kyrkja i Gaular og ei av dei eldste i Sogn og Fjordane. Ho skal ha blitt bygd sist på 1000-talet, og var frå fyrst av ei såkalla misjonskyrkje, ettersom ho var det første gudshuset i Gaular der den nye læra vart forkynt. Seinare vart ho soknekyrkje og gjorde teneste som gudshus for eit stort område, også for Sogne-bygdene på andre sida av fjellet. Denne første kyrkja var ei stavkyrkje. Hestad kapell slik den står i dag har bygningsmaterialer og restar frå den fyrste kyrkja.

Det offisielle byggeåret på den andre Hestad-kyrkja er sett til 1327. Kyrkja er fyrste gong nemnd skriftleg i ein paveleg rekneskap frå 1327. Der er ho omtala som ”Capella de herstadum”, medan ho i Bergen Kalveskinn frå ca. 1350 vart kalla ”Hedinstada kirkia” I mellomalderen kom der kyrkjer både på Sande, Lunde, Bygstad og Viksdalen i tillegg til Hestad. På 1300-talet var Hestadkyrkja ei svært velhalden kyrkje , og naturleg nok med eigen prest busett på Hestad. Kyrkja åtte store jordeigedomar og hadde elles inntekter av det folk gav til den. Det er nedteikna at kyrkja åtte 29 og ½ månadsmetabols kyrkjegods. 1 månadsmetabol i skatt eller avgift var om lag 36 kg mjøl eller 15 kg smør. Kyrkja åtte dessutan 16 kyr. Presten fekk si inntekt i naturalier.

Kyrkja sine inntekter minka mykje etter Svartedauden. I denne tida vart mange av gardane lagde øyde. Ein barnepest i 1370 rydda også bort mange menneske. I 1520 er det fortalt at det berre budde ein mann igjen på nordsida av Hestadfjorden.

Etter Svartedauden var det berre Hestad-kyrkja og Bygstad-kyrkja som sto igjen, og på nytt vart Hestadkyrkje soknekyrkje for øvre Gaular i flg. biskopen si jordbok frå 1598.

Fram gjennom mellomalderen er det lite vi veit om kyrkja. I reknskap i desse hundreåra er ho ikkje nemnd anna enn i 1686 som ”Hestad øde Kirke”, der soknepresten heldt gudsteneste ein gong i året. Kyrkja vart etter kvart i svært dårleg forfatning og det vaks opp einerbusker og fuglane bygde reir inne. Sjølve bygget er skildra som ein stavbygning der skipet er 9,6m langt og koret 3,3 x 3,3m. Gudshuset var svært smalt, og difor hadde det fått eit 2,5m breitt tilbygg i same lengde som skipet. På den tida hadde kyrkja korkje benker, vindauge eller altertavle.

I 1770 vart kyrkja omtala av sokneprest Hans Wiingaard som eldgamal.

I 1805 vart stavkyrkja riven og ei ny laftekyrkje bygd opp, delvis på restane av den gamle bygningen. Det heller grove snikkararbeidet tyder på at arbeidet er gjort på dugnad og at all den nye materialen som trongs vart skaffa til veges av dei i bygda som hadde tømmer. Men mykje av materialen frå den gamle stavkyrkja vart brukt opp att. Dei nederste omfara i kyrkja er frå det tømra tilbygget som er nemnt i 1686. I tårnet er det brukt fire kraftige stavar frå stavkyrkja, og dei åttekanta hjørnestolpane i våpenhuset og ein del av knea som er brukte, må også kome derifrå. Berestokkane under stolseta er gamle syllstokkar, og stolvangar, sete og ryggar er omattbrukte og har rimelegvis vore veggtiljer.

Utvendig er kyrkja ca. 13 m lang og ca 5,5m brei. Koret er om lag 4m breitt og har ei dør i nordveggen. Døra er frå den tidlegare kyrkja på staden og har eit fint forma jernbeslag.

Skip og kor er tømra. Våpenhuset, like breitt som skipet er stavbygd og med berre ytterkledning. På kvar langside er det to vindauge i skipet og eitt i koret. Tømmeret i kyrkja er

ovaltelja. Stokkane er regelmessige og fell godt saman. Taket er flatt både i skip og kor. Langs vestveggen går det eit smalt galleri. Brystningen på dette, feltet over koropningen og alterringen har enkle bord med gjennombrote mønster. Mellom midtgangen og stolane er det høge trinn. Stolvange og rygg har handhøvla profilar. Kvar stol har to benkar, slik at halvparten av folket sit med ryggen mot koret. I tidlegare tider, då det ikkje var noko form for oppvarming i kyrkja, hjelpte det godt på å halde varmen ved å sitje andføttes og tett. Med lange preiker, som kunne vare ein time eller to, hende det nok og at ein og annan dorma. Kyrkja har såleis ei praktisk innretning, ei stang med offerskål og ei bjelle som vart brukt ved slike høve. Bakerste stolen på mannsida har dør ut mot midtgangen med utskorne drakeslyngingar. Denne skriv seg heilt sikkert frå den fyrste kyrkjebygningen. Dei blyinnfatta vindauga er forholdsvis høgt oppe på veggen og gjev vakkert lys til rommet. Eit av vindauga har ei rute med innskrifta ”Wel agte mand Jhon Hæsta 1771”

Kyrkja har tjørebreidd liggande kledning. Opphaveleg var tårnet og taket noko høgare, men ein sterk storm øydela tårnet i 1864. Det nye som kom opp vart ein god del lågare. Taket vart også senka og samstundes vart spontaket skifta ut med raude panner.

At snekkararbeidet i Hestad kapell stort sett er grovt utført, at vi finn mangel på symmetri, skeive vinklar, ulik storleik på stolar og forskjellige profilar gjer at det generelle inntrykket vert : Her har det vore dugnad, og her har dei brukt materialar som dei hadde for hand. Det igjen vitnar om kor viktig dette gudshuset var for dei som levde då og at dei difor evna å bygge det opp igjen same året som det gamle vart rive.

Altertavla i Hestad Kapell er måla av Kristen Øvre Kjelstad( 1764–1844). Han var ein anerkjent kunstnar i distriktet og var den første som hadde måling som leveveg i området. På Viksdalen vart det mange som lærde rosemåling av han. Etter kvart utvikla det seg til masseproduksjon av rosemåla gjenstandar, og svært mykje av dette vart selt til Bergen. Det er fortalt at Kristen lærde rosemålarkunsten av bror sin som var invalid og tilbringa livet sitt i senga.

På 1990 talet har Viksdalsmålinga fått ei ny blomstringstid, etter at Alvhild og Einar Eldal starta med rosemåling som heimeindustri i Eldalstunet. Mykje av arbeidet deira er inspirert av målararbeida til føregangsmannen Kristen Øvre Kjelstad.

Altertavla i Hestad Kapell har årstalet 1805 i gavlen og kong Christian 7. sine initialer. Tavla har fire felt og er ei såkalla katekismealtertavle med innsetjingsorda til nattverden. Teksten er måla med svarte bokstavar på kvit botn.

Preikestolen skal vere laga samstundes med altertavla og er målt i same fargar.

Døypefonten i kleberstein frå 1200 talet, som no er tilbake i Hestad Kapell, har si spesielle historie. På slutten av 1800-talet vart den send til Bergen Historiske Museum for oppbevaring der. Grunna no avdøde Albert Kirkeli si historiske interesse for kapellet og nedteikningar og Ragnhild Mork, leiar i Fortidsminneforeninga, sitt nitidige arbeid, greidde ein å identifisere døypefonten og få den tilbake til 200-års jubileumsfeiringa i 2005. Mange born er døypte i den etter at den plassert tilbake i sitt opphavelege og rettmessige miljø i kapellet.

I fråver av døypefonten av kleberstein vart det brukt ein dreia, blåmåla stake frå slutten av 1800 talet og eit messingfat som ber årstalet 1746, men som truleg er frå 1600 talet.

Av anna inventar kan nemnast ein to-arma alterlysestake i messing frå 1700 talet. Nattverdsutstyr med kalk og disk i sølv er frå før 1805. Ein messehakel frå 1700talet(kanskje 1600) er restaurert og blir no oppbevart på Dei Heibergske Samlingar i Sogn.

Kyrkjeklokka er truleg frå 1500 – 1600 talet. Ho har tydelege spor etter å ha vore skrapa i med kvast. I tidlegare tider var det slik at når sjukdom råka folk eller fe, og alle lækjeråder slo feil, var skav frå kyrkjeklokka noko ein kunne ty til.

Orgelet i Hestad kapell er frå ca. 1930. Det er fortalt at Olina Øvrestrand, 3.enkja til Gamle-Ola Øvrestrand hadde fått Amerika-arv. Ho kjøpte då orgel til kyrka, etter oppmoding frå ein mann i bygda.

I 1917 vart kapellet overteke av Foreningen for fortidsminnesmerkenes bevarelse, no Fortidsminneforeninga. 17 gardbrukarar i Hestadgrend har skrive under på overdragingsdokumentet.

At kyrkja vart bygd her på Øyratangen har med dåtidas framkomstmiddel å gjere. I den tid kom folk hit med båt. Difor er det portar i kyrkjemuren mot nord, mot aust og mot sør.

Brua som kobla sørsida og nordsida i hop vart bygd i 1940. Tidlegare var vegen på sørsida, bygd i 1884, riksveg. Riksvegen går no på nordsida og den var ferdigstilt i 1970.

Området kring kyrkja, innanfor steinmurane er freda. Denne gravplassen har, med eit par unntak, ikkje vore i bruk etter 1960 då den nye gravplassen vart vigsla. På den gamle gravplassen framfor kyrkja finn vi ei rekke med uidentifiserte graver.

På sørsida av kyrkja finn vi ei grav dekka med ei helle i naturstein. Der er presten Swartskopf, som var prest på Sande på 1700 talet, gravlagd. Han hadde sett i eit syn at det skulle komme eit skred over kyrkjegarden på Sande og let seg difor gravlegge her opp. Ca 100 år etter hans død kom det riktignok eit jordskred som berørte kyrkjegarden på Sande.

På nordsida av kyrkje står den gamle gapestokken. Her måtte dei som ikkje gjekk regelmessig til gudsteneste, stå til spott og spe for resten av kyrkjelyden. Vi trur at gapestokken var i bruk så langt som inn i byrjinga av 1800 talet.

I 1971 vart det vedteke å opprette eit landskapsvernområde kring kyrkja og heile Øyratangen.

Landskapsvernområdet vart oppretta for å verne om særeigne kulturhistoriske- og naturkvalitetar på landtunga.

Bruk av kyrkja i dag.

Det vert no halde 4 ordinære gudstenester i Hestad kapell i året, nyårsafta, skjærtorsdag, olsok og i september. Olsokgudstenesta er av nyare dato, men vi går ut frå at olsokfeiringa har vore svært viktig for kyrkjelyden i eldre tid, særleg før reformasjonen.

Olsokgudstenestene er populære også for folk utanfor Hestadgrend. Folket i grenda plar lage til olsokbål i nordenden av landskapsvernområdet nær bedehuset, med bålbrenning og sosialt samvær etter denne kveldsgudstenesta.

Det er også tradisjon å brenne jonsokbål på Øyra. Vi veit ikkje kor gamal denne tradisjonen er, men den blir i alle fall halden ved lag enno.

Det vert også arrangert aurefiskefest i Sunnfjord årleg med hovudbase her på Øyra.Ved desse arrangementa vert det arrangert konsert i Hestad Kapell, hovudsakeleg med unge folemusikarar frå distriktet. Øyra og Hestadfjorden har også vore arena for EM og VM i flugefiske.

Hestad kapell vert mykje brukt til barnedåp og bryllup. Det gamle kapellet med sin vakre omgjevnad gjev ei ekstra høgtideleg ramme kring slike handlingar. Kapellet vert sjølvsagt også brukt til gravferder.

I nokre år var kapellet arena for konsertar i regi av den Internasjonale folkemusikkfestivalen i Førde. Landskjende musikarar uttale at Hestad kapell var den beste staden, med best akustikk, dei hadde halde konsert i.

Kvart år, sidan 1996, har kyrkja vore open for omvising i juli månad. Fortidsminneforeninga har tilsett eigen guide i denne perioden. Tilreisande frå fjern og nær vitjar då kapellet. Ikkje minst er utlendingar storleg imponerte over denne vakre kyrkja og naturen kring. At kyrkja enno er i regulær bruk er noko som vert lagt merke til. I utlandet vert ofte slike kulturminne ståande ubrukte.

Hestad Kapell var Gaular kommune sitt bidrag i den landsomfattande Kulturminnestafetten i 1997. Vakker og tilgjengeleg ligg Hestad Kapell der som eit ”historisk smykke” som biskop Ole Danbolt Hagesæter uttala det under si helsingstale ved 200-års jubileèt i 2005. Den foreinar fortid, notid og ber bod om ei framtid.