Kjelstad skog- og kultursti

Kjelstad skog- og kultursti går gjennom sentrale deler av skogen på Kjelstad.Stien er ca 2 km lang.

Ein startar på parkeringsplassen ved RV 610, og går i hovudsak på skogsbilveg ca 1 km opp til rasteplassen i Botnen, høgaste punktet på stien, ca 275m o.h. Funksjonshemma får lov å bruke bil eller anna køyretøy opp skogsbilvegen,og det er tilrettelagt for funksjonshemma å ta seg fram til rasteplassen.

Frå Botnen går skogstien gjennom skogen mot søraust, delvis på gamal hesteveg, delvis på gamal sti, forbi Tåfloren, nedatt til nedste svingen på skogsbilvegen og attende til parkeringsplassen.

Skogstien har 9 postar med orientering om kva ein ser,(t.d. tjøremile, Storefura, grov tømmerskog,tåfloren, gamal køyreveg), og om skogen sin rolle i ulike samanhengar,dyreliv,fugleliv,m.v.

Skog- og kulturstien vart etablert i 1995, og opprusta i 2009/10.

Å gå skogstien gjev ein fin tur i frisk luft.Ein får sjå skog som er i aktiv drift,men som likevel gjev ei god naturoppleving,og der verdfulle natur- og kulturminne er lette å finne.