Nedrestrand gard

Nedrestrand gard er av Gaular kommune sett i verneklasse A. Tunet er spesielt fordi det ikkje er bygd nye hus sidan 1877. Tunet gjenspeilar eit litt større gardsanlegg frå 1860åra.

Ellers er her mykje utstyr som var nytta til drifta på den tida. Nokre hus er restaurerte som eldhuset, skykkja og hovudhuset.

Busetnad.

Funn av forminne frå Nedrestrand m.a. sverd og øks datert til 9.århundre tyder på busetnad i allfall frå den tid. Her var busetnad gjennom vikingtid, høgmellomalderen og fram til svartedauden i 1349.

Garden er nemt i Bergenske Kalvskinn frå 1300.

Øydegard i 200 år. I 1563 er ein brukar navngitt, Hans lauskar. Peder Hansson er fødd i 1577 og frå då gjekk garden frå far til son i nesten 400 år. 1967 vart bruket lagd ned som sjølvstendig eining. Nabobruket, der søsterdotter til siste brukar budde,tok over og garden har vore dreven ilag med den sidan

Husa på garden i dag

Det står 10 hus på bruket

  1. Hovudhuset frå 1864 Inneheld ei røykstove(sperrestove), kleve, gang og bakstove. I bakstova held omgangsskulen til før kretsen fekk fast skulehus. Huset er restaurert og ein har laga bad og vaskerom og vert nytta til utleige.
  2. Storehuset frå 1877 Vart nytta til lager av ulike ting og her var ei stove der gjester kunne få overnatting. Huset har to høgder og er den nyaste byggningen på garden.
  3. Skykkje (vedhus) Stavebyggning ukjent alder, nytta til vedlager
  4. Stabbur frå 1592 Elste byggning på tunet. Det er eit lafta bygg i to høgder, sett saman av to gamle buer. Her er eit gamalt glas med innskrift Ole Lassesønn Nedrestrand 1743.
  5. Eldhus, eit uvanleg hus med to høgder. Sjelden det var på eldhus. Fyrste høgda er ei smie og ei kjempestor grue. Den vart nytta til matlaging, koking(vasking) av klede, slakting m.m. Andre høgda, kalla smieloftet, har eit rom for snekkering og eit lagerrom for ploger,horver og andre hestereidskap. I tillegg er det ein utedo med tre seter, der eitt er senka ned slik att barn kunne nytte det. Alder er usikkert
  6. Driftsbyggning frå 1867. Uvanleg stor stavebyggning, der dåverande brukar samla alle dyr og for i ein stor byggning. Det var gjødsellager under kyrafloren. Brukaren hadde gått landbruksskule og fått nye tankar om korleis drifta skulle vere. Før hadde ein hatt fleire små byggningar til dei ulike dyra og gjødselen vart lagra ute. Kyrafloren er lafta innanfor stavane. Både løa, hovudhuset og storehuset har fine gråsteinsmurar.
  7. Naust. Stavebyggning nytta til båtlager. Vatnet var viktig framkomstmiddel, både til Hestad og kapellet og til Vikskyrkja som då var soknekyrkje.
  8. Vassdreven sag vest på innmarka. Her stod tidlegare ei oppgangssag, vart seinare ombygd til sirkelsag. På garden er det ei gamal kongeskøyte frå 1783 der ein fekk bevilling til å skjere matrialer på eiga sag. Garden hadde rikeleg tilgang på god furuskog noko byggningane ber preg av. Det gamle sagbladet til oppgangsaga er bevart.
  9. Turkehus. Nytta til opplegging av skoren matrialer. Siste brukar skar mange grove bord som han selde til likkister. Litt nyare bygg.
  10. Stølshus. Sel. Det er det einaste som står att på stølen. Her var ein uvanleg stølsflor, der det var gjødselkjellar under, so ein tømra kyraflor over den. Opp på kyrafloren var det sett stavar og innreidd til sauer og geiter, tre høgdcer ialt. Ellers var det ei uteløe nederst på kvia der stølshøyet var lagra. Stølsområdet vart teke ibruk omlag rundt 1750. Dåverande brukar var gift andre gongen med ei frå Horsevik og han fekk denne skogsteigen i medgift. Tidlegare låg stølen lenger inne i lia og var meir rasutsett. Området vert idag kalla øiestølen. Stølsdrifta vart lagd ned i 1952 då ein tok til å levere mjølk til Bygstad meieri.

Historikk

Rundt 1860-70 var bruket opparbeidd til ein svært veldreven gard. Eilert Sundt kom på besøk til garden i 1865. Han var folkelivsgranskar og skriv mykje om drifta på garden på den tida. Torstein Olsson og kona Marte som var frå Kjelstad var brukarpar då. Dei var svært arbeidsame og dreiv med mange ulike ting. Eit spesielt vassbruksmiljø vert skildra, der vatnet var drivkrafta til 7-8 ulike funksjonar. Det var ei sirkelsag,ei vadmelsstampe,treskemaskin,smørkinna,vedsag,drøftemaskin og kverna. Treskemaskina var den fyrste som vart bygd her i kommunen. Sirkelsaga var den andre som kom opp her i distriktet.

Han hadde han eigen båt og saman med svogeren på Kjelstad dreiv han fiske frå Kinn. Dei hadde bra inntekter frå dette fisket som vart innvestert i gardsbruka.

Ellers var det meste som vart brukt på garden heimelaga. Ein skulle vere sjølvhjelpen. Jern vart innkjøpt på dei årlege byturane om hausten og det vart bearbeidd vidare i smia til ulike føremål. Båten han nytta til desse byturane var sin eigen. Den hadde han bygdt heime på garden med matrialer frå eigen skog. Då båten var ferdig spente han for hestar og fekk hjelp av naboar til å køyre den til sjøen. Den låg fint i sjøen og no nytta han den både til sildefiske og byturar.

Tønneprodusjon var ei viktig inntektskjelde. Eilert Sundt skildrar denne produksjonen som føregjekk inne i stova haust og vinter. Heile storfamilien var samla og det vart ein spesielt atmosfære, med matlaging,søm og strikking, barn leika i flisdungane og andre aktivitetar føregjekk.

Det var som å sjå eit maleri av Tidemann fortel Eilert Sundt.